Forsiden Kontakt oss Info om snøfartsverket Snøscooter-opplæring Terrengkjøretøy-opplæring
 
Målsetting

Profesjonell førar-/brukar-/kompetanseopplæring for snø-og terrengkøyretøy, Fjellkunnskap, etc. Snøfartsverket har eige KS-system med klare krav til kvalitet.

Organisasjon Snøfartsverket AS  (SFV)   -  Stiftelsesdato (ANS) -  01.02.94   Adr: .  P.b. 272, 5702 Voss
Registrert Brønnøysund 08.03.94  -  org. nr. 997 035 984.
Odd Himle: Tel. (+47) 97 15 45 00, Arild Himle: Tel. (+47) 41 45 84 90, Reidar Gilbakken: Tel. (+47) 95 22 54 96
Aktivitet

Førarkort klasse S.  Du kan ta førarkort klasse S - snøskuter. Du må ha trafikalt grunnkurs - og 13 timar obligatorisk føraropplæring. Hjå Snøfartsverket møter du kvalifiserte instruktørar som ”kan snøskuter”, og som har drive førar- og brukaropplæring i mange år. 

HMS-kompetanse-/yrkesopplæring snøskuter.  Snøskuteren er, diverre, eit køyretøy som er innvolvert i ganske mange alvorlege ulukker kvart året. Arbeidsmiljølova pålegg m.a. arbeidsgjevar og ”sørge for at arbeidstakerne gjøres kjent med ulykkes- og helsefare som kan være forbundet med arbeidet, og at de får den opplæring, øvelse og instruksjon som er nødvendig”. Dette kravet blir tolka som ”pålegg” om opplæring/økt kompetanse når det gjeld bruk av snøskuter i yrkessamanheng. Snøfartsverket tilbyr, som kanskje einaste opplæringsorganet på marknaden, kompetanse-/yreksopplæring på snøskuter. Etter gjennomført kurs kan elevane få kompetansebevis og skal kunna køyra snøskuter profesjonelt og trygt. Målet er ”ingen ulukker” for førarar med kompetansebevis frå Snøfartsverket. Opplæringa byggjer på førarkort klasse S og går over to dagar.

HMS-kompetanse-/yrkesopplæring terrengkjøretøy/ATV.  I yrkessamanheng er det krav om førar-/brukaropplæring på forskjellige typar køyretøy som blir nytta (arbeidsmiljølova, etc.) Snøfartsverket gir slik opplæring. Etter gjennomført kurs skal elevane kunne køyra slike køyretøy profesjonelt og kan få kompetansebevis.  Snøfartsverket sitt mål er ”ingen ulukker” for førarar med kompetansebevis frå Snøfartsverket. Opplæringa tek 1 - 2 dagar avhengig av talet på deltakarar og køyretøy.

Andre kurs.  Snøfartsverket tilrettelegg kurs / internopplæring og underviser m. a. i følgjande tema:  Fjellkunnskap - tryggleik i fjellet (snøskred - farevurdering - redning - nødsituasjonar), Kart og kompass, GPS, etc.

Prisar. Kontakt oss - vi er gjerne billigare enn du trur.

         

Instruktørar

Teoretisk opplæring

Teknisk opplæring Køyreteknikk

Skriftleg prøve


        Rediger