Forsiden Kontakt oss Info om snøfartsverket Snøscooter-opplæring Terrengkjøretøy-opplæring
 

Undervisninga

Førarkort klasse S - førarkort for snøskuter.  Undervisninga inneheld både teori og praksis, totalt min. 13 timar obligatorisk undervisning. I siste fase skal eleven køyra ein lenger tur og bruka kart og kompass. Førarprøve - teori - må avleggjast hjå Statens Vegvesen (Biltilsynet).

HMS-kompetanse-/yrkesopplæring snøskuter.  Undervisninga inneheld ein teoridel og ein praktisk del og omfattar totalt ca 24 timar fordelt på to dagar. Det blir lagt stor vekt på køyreteknikk, trygg køyring og natur & miljø. Kurset blir avslutta med skriftleg prøve, og deltakarane kan få kompetansebevis for snøskuter.  

HMS-kompetanse-/yrkesopplæring terrengkjøretøy/ATV.  Undervisninga inneheld også her ein teoridel og ein praktisk del og tek 1 - 2 dagar, litt avhengig av kursdeltakarar og køyretøy. Full kontroll over køyretøyet, lasteteknikk, trygg køyring blir tillagt stor vekt. Kurset blir avslutta med skriftleg prøve, og deltakarane kan få kompetansebevis for den type køyretøy opplæringa har omfatta.

Andre kurs. Kurs blir tilrettelagt og gjennomført i samsvar med ønskje frå oppdragsgjevar.
 

 

Kompetansebevis

Etter å ha gjennomgått kursa ”HMS-kompetanse-/yrkesopplæring” kan kursdeltakarane få kompetansebevis. Køyrekunnskap, vurdert av instruktørane på kurset, og resultat av skriftleg prøve er grunnlaget for å få beviset. Kompetansebeviset er eit personleg sertifikat på at tilfredsstillande opplæring er gjennomført.  Oppdragsgjevar/ arbeidsgjevar får utskreve dokumentasjon til HMS-/IK-/KS-system. 

 
   

 


        Rediger